Beskrivelse
Ein deodorant-krem som både pleier huda, og hindrer sveittelukt. Deodoranten inneheld mjølkesyrebakteriar som gjer miljøet i armhola ugunstig for dei bakteriane som lagar sveittelukta.
Bruk fingrane og smør eit tynt lag krem i armhola, la kremen trekke inn ei lita stund før du tar på klede. Har eit smeltepunkt på 35-40 grader.
Enkelte som sveitter mykje, etter trening til dømes vil nok måtte ta på eit nytt lag krem i løpet av dagen. Kjem i ei praktisk plastkrukke. som tolar å bli slengt i veska. Litt dyr i innkjøp, men veldig drøy i bruk! Og ikkje minst; inneheld ingen kjemikalier, aluminium, konserveringsmiddel eller kreftframkallande andre stoff slik som omtrent alle andre deodorantar gjer!
Innhald:
uraffinert sheasmør*, kakosmør*, bivoks*, uraffinert kokosolje*, pilerot, natriumkarbonat, e-vitamin*, mjølkesyrebakterier, eterisk olje av lavendel* og geranium*
*= frå økologisk landbruk
75ml PET krukke