Beskrivelse
Eit herleg badesalt som duftar sterkt av eucalyptus og rosmarin. Badesaltet er mjukgjerande for huda og skal lindre ømme musklar, magnesiumet i bittersaltet gjer at musklane slappar av.
Bruk ein til to matskeier i varmt vatn. Eterisk olje av einebær er forfriskande, stimulerande og reinsande. Einebærolje er ei viktig olje for blodsirkulasjonen, og er god for reumatisme og gikt. Eterisk olje av rosmarin er oppkvikkande og stimulerande. Ho skjerpar konsentrasjonen og klarnar hovudet. Rosmarinolje er immunstyrkande, kretslaupstimulerande og krampeløysande. Olja er og smertelindrande og er ei særs god olje ved vond og sliten muskulatur, forstuvingar, reumatisme og gikt. Eukalyptusolje er også rekna for å vera bra for såre og støle musklar, reumatiske plager, blåmerker og brannsår, forstuvingar og dårleg sirkulasjon.
Innhald: bittersalt (epsomsalt), himalayasalt, uraffinert havsalt, natriumbikarbonat og eterisk olje av eukalyptus*, einebær* og rosmarin*.
*=frå økologisk landbruk.